tirsdag 20. april 2010

Informasjonskompetanse 3

Det var mykje relevant og godt lesestoff i denne leksjonen men som lærarane ved Norsk nettskule har skrive tidlaegare rekk vi ikkje alle lenkjer som ligg i leksjonane. Eg har lese mykje av denne leksjonen og vore innom ein del lenkjer likavel denne gongen. Eg vel å kommentere:
Kva er kildekritikk? Kildekritikk handlar om å konntrollere fakta. Knut Kjeldstadli omtalar kildekritikk som systematisk sunn fornuft.
Når ein skriv ei oppgåve skal ein alltid oppgi kilder og kor du har henta informasjonen frå. Dette gjeld og forfattarar som skriv fagbøker og skriv fagnettsider. Når du skal sjekke kor nøyaktig ei kilde er, må du sjå om dei har oppgitt sine kilder.
Vidare må vi lærarane få mogligheit, eller tileigne oss den kunnskapen som trengst til å guide elevane gjennom den digitale verda. Link til sider som læraren kan nytte til opplæring til elevane om kildekritikk. Ung.no I M3 oppgåva vart eg sjølv veldig bevisst kva sider eg brukte i min Netvibes til 4. klasse. Eg gav dei linkar som passar for deira læringsmål, som var lette å forstå og finne stoff frå.

mandag 22. mars 2010

Informasjonskompetanse 2


Eg har no oppretta ein konto på Netvibes og prøvd å legge til RSS. Eg ser det at ein ikkje kjem inn på mi side når ein trykker på linken, men trykk på profil så går det kanskje, trur eg har gjort noko gale som eg ikkje heilt har funne ut av endå. Eg har fulgt "oppskrifta" i informasjonskompetanse 2, men noko har glippa undervegs. Her er iallefall eit skjermkutt frå min netvibes.
Men tek ein tida til hjelp får ein det meste til. Eg har brukt lang tid på å sette meg inni dette temaet her, men gikk greit når eg fekk både tenke og sove på det. Eg vart veldig godt fornøgd med Netvibes (skulevibes) som eg laga til M3 oppgåva.

Eg har og kommentert Lars sin blogg.
RSS: Rich Site Summary eller Really Simple Syndication - eller på norsk: levende bokmerke / nyheitsstrøm - oppdatering på siste nytt. Man trenger ein feedreader/RSS-leser / informasjonsnav for å nytte seg av RSS fullt ut (Netvibes). Høgh beskriver ein feedreader som eit program, "som kan holde øje med opdateringer på hjemmesider, på weblogs og alle mulige andre steder, som bliver kodet med et såkaldt dynamisk bogmærke og derfor kan lade dem, der abonnerer få besked, så snart der er opdateringer". Jan-Arves sitt sitat: "La informasjonen komme til meg, hindre den ikke, for den tilhører oss". Det er det som skjer ved å kombinere RSS og Netvibes. Uttrykket Rimelig Smart Skoleredskap er også bra.
Kva er RSS? Med RSS vil du få tilsendt innholdet frå nettstadar automatisk. Stadig fleire aktørar støtter RSS som medium for å formidle informasjon - alt frå norske og utenlanske aviser til fagspesifikke websider, universiteter og høgskular, institusjonar, læreplattformer, blogger og så videre.
Eg har lagt inn RSS på læringsplattforma til dei eldste klassane på td. lokalavisa.

Informasjonskompetanse 1

Informasjonskompetanse inneber blant anna å kunne:

  • Erkjenne eit behov for informasjon
  • Identifisere og finne fram til passande informasjonsressursar
  • Evaluere kvaliteten på informasjonen
  • Velge ut og organisere informasjonen
  • Bruke informasjonen effiktivt
  • Innser at informasjonskompetanse er ein forutsetning for livslang læring

Ein kjem stadig vekk borti det med nettsøk etter relevant stoff i skulen. Eg er lærar på ein 1- 7 skule og brukar nett ein del i undervisninga med elevane. Då eg arbeider i 1. - 4 . klasse ser eg det naturleg at eg legg ut linkar som elevane kan finne informasjon dei treng, also forarbeid av meg som lærar. Det legg eg på Fronter under fag.
I stedet for å sleppe elevene ut på det åpne nettet, kan vi som lærarar guide dei i retning av gode læringsressurser som vi sjølv vel ut.
Dersom elevane skal utnytte nettet på eigen hand, bør det først og fremst skje innanfor arenaer
skulen sjølv har utvikla og tilrettelagt for bruk.
Skulen opplever elevanes bruk av digitale læringsressursar som eit problem. Så lenge problemet oppfattast som ein mangel hos elevane, er svaret meir eller mindre gitt: dei må få bedre opplæring.
Det betyr at det ikkje er elevane, men læringsformene og lærarens praksis som må tilpasse seg. Vi er endå på prøvestadiet når det gjeld digital pedagogikk. Slik eg tolkar utviklinga på feltet, har Noreg, som Europa og verden forøvrig, komme for kort innanfor praktisk e-læring til å føreta endelige val eller drive detaljstyring av e-læringsvirksomheita. Kva framtid har LMS-systema? Dette var nokre refleksjonar etter å ha lese artikkelen til Tord Høivik. Det var mykje godt stoff i artikkelen "Fire veier til kvalitet" og eg har nytta ein del stoff derfrå i M3 oppgåva mi.

mandag 15. mars 2010

IKT og tilpassa opplæring

Som IKT- ansvarleg på skulen er det eg som har ansvar å sette meg inni alle program som elevar får utdelt. Det gjer seg ofte gjeldande frå 5. klasse og oppover. Eg har vore med på å utale om behov for pc med program på til elevar. (skrive tilråding,) det er hjelpemiddelsentralen og nav som løyver pengar til elevar som treng pc) Det er som oftast lisensprogram som føl med elevane. Vi har og skulelisnes på ein del program som vi kan legge inn til elevane. Eg vil prøve her å ta føre meg dei som eg kjenner til. Og prøve å dele litt erfaringar med bruken av dei.
Mikrodaisy er eit firma som formidlar læringsresurssar til skulane. Eg har vore på nokre kurs som dei har arrangert og det er matnyttige kurs. Når vi deltek på kursa får vi lærarane gratis versjonar av programvarer som vi kan innstallere på våre pc`ar slik at vi kan lære å bruke dei.
LingDys: Skriververktøyet LingDys er ein programvare som er spesielt utvikla for å gi skrivestøtte på bokmål og på nynorsk til dyslektikarar eller andre med lese- og skrivevanskar. Programmet må aktiviserast og fungerar godt ilag med word. (mulig open office og, men har ikkje erfaring med det) Når du har fått programmet aktivt innpå pc kan du ta eigen instillingar. Du kan nytte ordbok- legge til ord spesielt for ein elev, alt etter kor problemet ligg. Du kan få opplese det du skriv. LingDys ligg i ein liten firkant oppe i høgre hjørnet automatisk når du opnar td. word. Du kan velge kor mange alternative ord du får opp, klikke på dei og dei legg seg i teksten din.
LingRight: Fungerar som LingDys men er eit program til bruk i engelsk. Må passe på å stille inn på engelsk når du brukar det. Erfaringa mi viser at elevane tek dette veldig fort når eg viser dei det. Det som eg og har gjort er å holde kurs for foreldrer for at dei skal vite noko om korleis det fungerar. Det har eg berre positive opplevingar med.
Lesepenn: Er ein penn som ein "dreg" over teksten i ei lærebok og får det inn på pc via ein usb port. Den legg seg då på pc`en og du kan med hjelp av eit program der få opplese teksten. Viss eleven har e-lector på sin pc kan dei få opplese teksten.
E-lektor: e-Lector er først og fremst et leseverktøy som fremmer lesing av elektroniske tekster. All elektronisk tekst kan leses av i e-Lector; for eksempel web sider, dokumenter og e-post. Tekst som finnast i papirformat kan også gjerast elektronisk ved hjelp av ein skanner/lesepenn. Tekstene limes inn i e-Lector, og presenteres ord for ord, eventuelt med talestøtte.
Eg veit faktisk om ei mor som har brukt første veka av ferien sin kvar sommar å legge inn bøker slik på pc slik at eleven har fått det inn til skulestart i august, imponerande. Eg har ikkje brukt dette så mykje, men veit det finnast.

torsdag 11. mars 2010

Tenkjeverktøy 2


Bridge Construction Set. Dette går ut på å byggje ei bru med eit gitt beløp. Brua skal byggast så billig som mulig, men den må i tillegg være konstruert slik at den er køyrbar. Det står test passed i hjørnet så den toler bilar sjølv om den ikkje var direkte vakker. Men den ruvar iallefall ikkje i landskapet.

Computer- Assisted Instruction høyre blant anna Skinners "teaching machines" heime. Det å gi positiv tilbake melding med rette svar. Dei fleste programvarer som vi brukar som høyrer til læreverka på skulen, kjem inni denne kategorien til Koschmann. Dømer er: MULTI , STAIRS for 3. og 4. klasse, og SAFARI Det sist nemde spesielt for 1. og 2. klasse som eg kjenner best til, og har nytte ein del.
Fleire av nettstadene ber preg av at forlaga er opptatt av å ha ein nettstad som er knyta til læreverket. Det ligg i tida at ein skal ha ein nettstad til læreverket. Både brukarane og fagplanen til Kunnskapsløftet forventar det. Ved å ha ein nettstad knytta til læreverka, gjer læreverka mer salgsvenlige.
Hutchings kube der dei elevane befinn seg i øverste hjørnet som er kreative, aktive, kontrollerande og forskande, det er vel dei type program som krev meir av elevane og ikkje minst av læraren, dei får ikkje tilbake melding med slik form som eg nemner over. Døme på eit slikt program er brubygginga vi skulle prøve oss på, det krev noko av ein sjølv det er ikkje "beint" fram som læringsresurssar som er laga av forlaga. X-aksen kven har kontroll lærar/program eller den lærande? Z- aksen grad av aktivitet/handlingar. Y- aksen grad av faktisk deltaking.
Eg har vore inn å kika på link Stortingsmelding nr. 14 om dataspel. Kva med å ta det inni undervisninga? Eg er nok med på at det er flott å bruke i læringsituasjonar. Borna blir gode på å beherske ulike uttrykksformer, som både skriftlig og munnleg språk, bilder, symbol reidskapar o.l. å kommunisere med andre. Men i skulen så ser eg det at det er ofte dei elevane som er sterke frå før som beherskar alt dette og, men der kan lærarane bli flinkare på å "ta det i bruk" til heller svake elevar. Gjerne gi dei det ekstra "puffet" som skal til, at dei tør å ta det i bruk. Det finnast mykje god læring i spel meinar eg. Viktig at læraren set seg godt inni det før dei vert tekne i bruk og så tilpasse det til elevane. Visst spel nyttast til påskjønning vert det feil må nyttast til eit LÆRINGSFORMÅL. Som Kjell Antvort har skrive i leksjonen, den raude tråden kan trekkast tilbake til "Barn og unges digitale arena".
"Hangman" er eit enkelt spel som kan nyttast på pc (eller på tavla viss ynskjelig) Eg har nytta det med spes. elevar (på pc) for å finne ord, bokstavar innanfor eit emne, til dømes gard, hage, bilmerke osv. Eg har lese denne leksjonen og synest dette er svært interessant tema.

Google nettstad
Det var eit kjekt verktøy å bruke, har forska litt rundt på det til bruk i M2 oppgåva. Link til gruppa vår: https://sites.google.com/site/denoffisielletilm2/

Digital arena 2

Etter å ha lese leksjonstekst skrive av Kjell Antvort og Generasjon.com og ser på undersøkingar som er gjort, er det som eg kan putte mine eigne born inni dette. Dei er alle vakse opp som "Sesam stasjon generasjon" som veret omtala av Tønnesen. Dette med kortid dei skulle få mobil, pc osv...har eg vore i gjennom. Eg ser og at eg som foreldre har senka aldersgrensa heile tida frå eldste til yngste (har tre born) Og eg går rett inni den gruppa der gut fekk pc på rommet, sjølv om han er yngst. Men eg ser at han har hatt ei anna interesse enn jentene. Han og ein kompis bygde sin eigen pc då dei var 14 år. Eg var skeptisk kan eg love, alle deler utover mitt kjøkkenbord i ei veke. Men det gikk bra, pc fungerar forsatt etter 4 år, litt oppgraderingar har det nok vore ja. For gutane ligg det nok ein eigenverdi i å ha den nyaste teknologien, som Tønnesen seier i form av individuell tilfredstilling og eit styrka sjølvbilde, og i form av sosial prestisje. Alle mine har spelt spel så det klarar seg i periodar, men eg ser at det har vore lærerikt no ja. Unge idag løyser ting på ein anna måte enn iallefall meg ser eg. Eg MÅ lese, studere og helst ha ei oppskrift å fylgje og trykke og taste for å få det inn.
Eg har prøvd i studiet å gjere det eg lærer parallelt med studiet, men har desverre ikkje klart å oppfylle det slik eg skulle ynskje. Men eg har mogliheit, og er ikkje redd for å sette i gang seinare. Eg har lært av studiet og om masse program og dømer, og det er ikkje noko hindring. Har skrive ut alle leksjonar så dei kan takast fram att og studerast meir nå eg er skal nytte det. Eg brukar ikt innafor dei fleste fag kvar veke, men ser at eg kan nytte det endå meir.
Naturfag i 3. klasse i år har eg ikkje brukt bøker (dei er veldig gamle) Eg har nytta resurssen til Gaia- Gyldendal og Youtube filmar som passar til emna vi jobbar med. Gaia på nett er på bokmål, men eg har nytta dei likevel. Eg gikk nokre runder med meg sjølv på det fordi vi er ein nynorsk skule, men så tenkte eg at dei les, og det er læring i det, bokmål eller nynorsk. Men dette kan nok diskuterast om eg har gjort rett? Eg starta friskt med å skrive ut arbeidsoppgåver og skrive dei om til nynorsk men gikk vekk frå det. Salaby er og eit godt pedagogisk program å nytte i alle fag, det er gratis no men kjem lisens på det i oktober, desverre. Det finnast på både bokmål og nynorsk.
Når eg nyttar det slik i ein læringssituasjon kjem vi vel mulig innpå at borna ikkje les i ei bok., som er nemnt under kapittel 6 Lesingens økologi av Tønnesen. Elevane les på skjermen og på papir, iallefall i dette faget. Vi går igjennom mykje ilag og dei les sjølve. Dei løyser oppgåver og må lese for å klare det.

mandag 15. februar 2010

Digital arena 1

Eit interessant tema dette med skulen si rolle som danningsinstitusjon. Sjølv om internett som ”allemannseige” berre er 10- 15 år gammalt, har det ført til at det er naudsynt å rette søkelys mot ei form for digital danning. Denne fører med seg ein del tankar frå tidlegare tider, men rettar og søkelys mot korleis den digitale revolusjonen tvingar oss til å reflektere over kva det vil seie å vere ”gangs menneske ” i 2010. Ei viktig side ved dette er fråveret av dagens vaksne på den digitale arenaen. Det verkar som om dei vaksne ikkje reflekterar i særleg grad over sitt eige fråvær på denne arenaen. Det er naudsynt at fleire lærarar må kome på den digitale bana for å kunne ivareta danningsansvaret sitt, og nytte og å sjå mogligheitene i det daglige læringsarbeidet på skulen og i undervisninga.