tirsdag 20. april 2010

Informasjonskompetanse 3

Det var mykje relevant og godt lesestoff i denne leksjonen men som lærarane ved Norsk nettskule har skrive tidlaegare rekk vi ikkje alle lenkjer som ligg i leksjonane. Eg har lese mykje av denne leksjonen og vore innom ein del lenkjer likavel denne gongen. Eg vel å kommentere:
Kva er kildekritikk? Kildekritikk handlar om å konntrollere fakta. Knut Kjeldstadli omtalar kildekritikk som systematisk sunn fornuft.
Når ein skriv ei oppgåve skal ein alltid oppgi kilder og kor du har henta informasjonen frå. Dette gjeld og forfattarar som skriv fagbøker og skriv fagnettsider. Når du skal sjekke kor nøyaktig ei kilde er, må du sjå om dei har oppgitt sine kilder.
Vidare må vi lærarane få mogligheit, eller tileigne oss den kunnskapen som trengst til å guide elevane gjennom den digitale verda. Link til sider som læraren kan nytte til opplæring til elevane om kildekritikk. Ung.no I M3 oppgåva vart eg sjølv veldig bevisst kva sider eg brukte i min Netvibes til 4. klasse. Eg gav dei linkar som passar for deira læringsmål, som var lette å forstå og finne stoff frå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar