tirsdag 20. oktober 2009

Øvingsoppgåver- Picasa



Fotomontasje var artig, og er ein ypperleg måte å framstille
familiebilder frå ein ferie.



Dette bildet fannt eg på nettet. Eg redigerte det
med diverse effektar og justeringar, varmare bla.
Eg laga det til i Picasa med svart-kvit farge så gjekk eg inn
og tok justeringar og med lys og skugge.

Her skar eg vekk andre personar på bildet for å framheve.




Bildet blei meir knytta til stemning etter kvadratisk beskjæring.





Dette bildet var plassering av båt i midten.Eg synest
at bilde kom meir til sin rett etter å ha beskjært og
brukt tredjedelsregelen.

Etter dei bilda eg no har gjort etterarbeid på i picasa meinar eg at det bildet av båt på sjøen, foss og blomsten vart dei mest effektfulle. Dette fordi dei vart framheva på ein heilt ny måte etter bearbeiding i picasa. Eg har faktisk photo shop på min lærar pc som vi har fått gjennom kommunen, men har brukt det berre sporadisk av og til. Eg synest at picasa er enklare å bruke, og er meir forklarande. Så mitt råd til kommune som betalar lisens på fleire "unødvendige"program, her er det pengar å spare. Kjekt program som eg kjem til å nytte privat og i jobben som lærar.





Posted by Picasa

TEST BILDER PICASA

KOLASJ

søndag 4. oktober 2009

Øvingsoppgåve 2

Skriv eit innlegg i studiebloggen med tema; Digitale tekstar, plagiat, og kva utfordringar vi står overfor i skulen i denne samanhengen. Du kan også kommentere i kva grad probelmet er reelt, og kva vi eventuelt kan gjere. Dette er vel det som begynner å bli eit problem i ungdomskulen og vidaregåande, "klipp og lim metode" Eg jobbar i ein barneskule frå 1- 7 der problemet ikkje har vore hittil, men ein skal vel ikkje vere "blåaugd" for at problemet kan dukke opp. Eg veit at fleire diigitale plattformer har ein slik tillegsfunksjon som ein kan søke gjennom tekstar for å sjå om noko er kopiert. Eg kjenner ikkje til at kommunen eg jobbar i har ein slik tilleggsfunksjon. Vi har to ungdomskular i kommunen som mulig vil møte på dette problemet. Men som sagt eg har ikkje høyrt om det endå, og vi som har ikt ansvar på skulane har jevnlig kontakt med kva "problemer" vi kan møte på. Elevane treng ikkje bruke nødvendigvis klipp og lim men kan søke opp problemet for å skaffe seg oversikt og skape seg ei meining om problemstillinga.