torsdag 11. mars 2010

Digital arena 2

Etter å ha lese leksjonstekst skrive av Kjell Antvort og Generasjon.com og ser på undersøkingar som er gjort, er det som eg kan putte mine eigne born inni dette. Dei er alle vakse opp som "Sesam stasjon generasjon" som veret omtala av Tønnesen. Dette med kortid dei skulle få mobil, pc osv...har eg vore i gjennom. Eg ser og at eg som foreldre har senka aldersgrensa heile tida frå eldste til yngste (har tre born) Og eg går rett inni den gruppa der gut fekk pc på rommet, sjølv om han er yngst. Men eg ser at han har hatt ei anna interesse enn jentene. Han og ein kompis bygde sin eigen pc då dei var 14 år. Eg var skeptisk kan eg love, alle deler utover mitt kjøkkenbord i ei veke. Men det gikk bra, pc fungerar forsatt etter 4 år, litt oppgraderingar har det nok vore ja. For gutane ligg det nok ein eigenverdi i å ha den nyaste teknologien, som Tønnesen seier i form av individuell tilfredstilling og eit styrka sjølvbilde, og i form av sosial prestisje. Alle mine har spelt spel så det klarar seg i periodar, men eg ser at det har vore lærerikt no ja. Unge idag løyser ting på ein anna måte enn iallefall meg ser eg. Eg MÅ lese, studere og helst ha ei oppskrift å fylgje og trykke og taste for å få det inn.
Eg har prøvd i studiet å gjere det eg lærer parallelt med studiet, men har desverre ikkje klart å oppfylle det slik eg skulle ynskje. Men eg har mogliheit, og er ikkje redd for å sette i gang seinare. Eg har lært av studiet og om masse program og dømer, og det er ikkje noko hindring. Har skrive ut alle leksjonar så dei kan takast fram att og studerast meir nå eg er skal nytte det. Eg brukar ikt innafor dei fleste fag kvar veke, men ser at eg kan nytte det endå meir.
Naturfag i 3. klasse i år har eg ikkje brukt bøker (dei er veldig gamle) Eg har nytta resurssen til Gaia- Gyldendal og Youtube filmar som passar til emna vi jobbar med. Gaia på nett er på bokmål, men eg har nytta dei likevel. Eg gikk nokre runder med meg sjølv på det fordi vi er ein nynorsk skule, men så tenkte eg at dei les, og det er læring i det, bokmål eller nynorsk. Men dette kan nok diskuterast om eg har gjort rett? Eg starta friskt med å skrive ut arbeidsoppgåver og skrive dei om til nynorsk men gikk vekk frå det. Salaby er og eit godt pedagogisk program å nytte i alle fag, det er gratis no men kjem lisens på det i oktober, desverre. Det finnast på både bokmål og nynorsk.
Når eg nyttar det slik i ein læringssituasjon kjem vi vel mulig innpå at borna ikkje les i ei bok., som er nemnt under kapittel 6 Lesingens økologi av Tønnesen. Elevane les på skjermen og på papir, iallefall i dette faget. Vi går igjennom mykje ilag og dei les sjølve. Dei løyser oppgåver og må lese for å klare det.

1 kommentar:

  1. Hei Anne Lise...
    Du skriv eit flott og innhaldsrikt blogginnlegg basert mykje på eigne erfaringar. Eg har også barn av sesamgenerasjonen, og mykje av det du har erfart med dine kjenner eg meg att i. Ein del ville liksom halde litt igjen på alt dette nye datagreiene:) I dag er eg glad slik eg fortår du også er det at pc`ar vart bygd på kjøkkenet...
    Det er fint at du nyttar data i undervisninga de, og flotte linker som eg kan ta med meg vidare i min lærarpraskis ( student ennå;)
    Lykke til vidare med studie og med IKT i fag:)
    Kesia

    SvarSlett