mandag 15. februar 2010

Digital arena 1

Eit interessant tema dette med skulen si rolle som danningsinstitusjon. Sjølv om internett som ”allemannseige” berre er 10- 15 år gammalt, har det ført til at det er naudsynt å rette søkelys mot ei form for digital danning. Denne fører med seg ein del tankar frå tidlegare tider, men rettar og søkelys mot korleis den digitale revolusjonen tvingar oss til å reflektere over kva det vil seie å vere ”gangs menneske ” i 2010. Ei viktig side ved dette er fråveret av dagens vaksne på den digitale arenaen. Det verkar som om dei vaksne ikkje reflekterar i særleg grad over sitt eige fråvær på denne arenaen. Det er naudsynt at fleire lærarar må kome på den digitale bana for å kunne ivareta danningsansvaret sitt, og nytte og å sjå mogligheitene i det daglige læringsarbeidet på skulen og i undervisninga.

tirsdag 2. februar 2010

Samansatte tekstar

I ettermiddag har eg sete meg ned med leksjonen Samansette tekstar. Eg har lese igjennom den før og tenkte at no skulle eg ta føre meg linkane ned gjennom Emneomtale. Ja her er mykje stoff å sette seg inn i, så ei veke ekstra på dette gjorde seg virkelig. Eg har vore innom Aktivitetsnavet som eg faktisk fann meg sjølv inn på og. Der skulle eg "sign in", tja er vel egentlig ikkje heilt sikker på kva eg gjer på akkurat her. Men iallefall fekk eg ein link tilsendt på e-post som eg skulle følge. Eg har så gjort og kom inn på sida der eg kjente att fleire namn frå studiet, inkludert mitt eige. Skal seie vi ligg på nett rundt omkring. Det er spennande å lese og sjå på alt dette, men jammen mykje å fordøye for ein "stakkars lærar" på småskuletrinnet. Er nok ikkje alt eg kan nytte slik med eingong, men eg finn nok nytte av ein del på sikt. Det eg synest er litt frustreande for min del er at ein del program er på engelsk. Det er ikkje så lett å ta dei i bruk i ein 3. klasse. Men eg har dei lagra, så får eg sjå kor språkkyndige dei blir etter kvart. Dei vil nok ta det fort på engelsk når dei får nokre år til på seg.

No skal eg til å forske på Comic Life og sjå kva mogligheiter det har til bruken av samansatte tekstar. Ja dette var ikkje så verst, elevane kan skrive på norsk iallefall og lage teikneseriar, lage snakkebobler og det er slike ting dei likar. Er ein som lærar kreativ og veit å utnytte desse mogligheitene her er det eit program som innbyr til det. Comic Life føler eg er eit program som kan vere veldig anvendelig i skulen. Ein kjem fort inn i det, og det er ikkje så veldig vanskeleg å bruke. Eg føler at dette kan vere noko for elevane, kanskje ikkje i dei lavaste klassetrinna, til det vert det litt for avansert, men det er eit program ein kan ta i bruk med elevar som går i dei siste åra på barneskulen. Det gjeld å finne dei som passar til mitt/ditt bruk til ein kvar tid.
Om ein beveger seg til å sjå på kompetansemål som gjeld for kunst og handverk kan ein finne meir mål som kan nåast gjennom å bruke Comic Life i skulen. Eit av kompetansemåla innan visuell kommunikasjon i kunst og handverk seier at elevane skal kunne lage teikneseriar og også forklare samanhengar mellom teikneseriar og film. For første del av dette kompetansemålet er Comic Life eit ypperleg program.
Det å sjå mogligheiter og koble digitale verktøy og digitale kilder er også digital
kompetanse, både hos oss lærarar og elevane.

http://annelisee.edu.glogster.com/glog/ No har eg tasta og trykt inn i glogster og, glimrande til å lage veggavis som det vart sagt i introduksjonen. Men eg lyt nok gjere meg meir kjent med det før eg set i gong med elevar. Meina eg las noko om aldersgrense 13 år, men usikker på det?

Prezi er det neste eg har lese om i emneomtale. Ja ein god konkurent til power point som eg sjølv føler er ganske oppbrukt. Etter å ha testa Prezi synes eg ideen er svært lovande. Eg trur eg skal teste det ut neste gong eg skal lage ein presentasjon for kollegar eller på neste foreldremøte. Eg har laga meg ein enkel test for å finne ut korleis det virkar: PREZI
Eg har no fått med meg mange nye program i denn leksjonen, det har vore interessant og lærerikt, men du verden så mykje å fordøye. Så lyt ein ta det i bruk etterkvart. Eg er faktisk litt på jakt etter program som er enkle og greie å nytte for elevar i småskulen. Det er nok nokon her som eg kan nytte allereie, men med god planlegging frå mi side.

mandag 1. februar 2010

Tenkjeverktøy 1

Tenkjeverktøy eller tankekart er vel ikje noko nytt fenomen i skulen. Det har vore brukt så lenge eg har vore lærar. Det eg ser no etter å ha lese denne leksjonen er at det finnast glimrande måtar å gjere dette på digitalt. Eg må inrømme at det har eg aldri før vore borti, men det virkar kjekt og inspirerande. Eg kjem nok til å nytte dette meir, men først lyt eg bli trygg på det sjølv, før eg kan dra nytte av det i undervisningssamanheng. Eg vel her å bruke freemind for der får eg instruksjon på norsk då eg ikkje er noko engelsklærar, og med tanke på å bruke det i klasserommet synest eg det er greit å ha det på norsk. Eg ser nytten av dette innanfor fleire fag enn norsk. Kan og nytte det i naturfag og samfunnsfag i småskulen om eit tema du jobbar med. Eg vil lage eit å lime inni bloggen min.Det er tenkt i naturfag i 3. klasse. Bruer og andre byggverk frå Gaia 3- Gyldendal.
Når FreeMind startes, er det mulig at programmet sjølv "finn ut" at det skal starte med norske tekster. Hvis ikkje kan dette endres ved å klikke på Tools (Verktøy) på hovedmenyen, og velge Preferences (egenskaper). Under Language (språk) kan man velge No for norsk.

Eg har prøvd meg på eit tankekart i Mindomo og. Det har eg sett opp for meg sjølv med tanke på M1 oppgåva. Har lagt link til den. http://www.mindomo.com/view.htm?m=650f20e2fce441238de1d18b0394a2df
Dette var eit flott verktøy, og lett å finne fram i. Må inrømme at eg brukte lang tid før eg fann ut kor eg skulle lagre det og sidan legge det ut som link på blogg sida mi. Men no er det gjort og er er kommen eit steg vidare.

Tankekart er ein innleiande prosess i dei fleste oppgåver. Elevane lærer det ganske langt ned i klassetrinna, men med papir og blyant. Og sidan meir av undervisning foregår på nettet, kan bruk av Mindomo vere med på å få IKT meir inn i undervisninga.