mandag 15. mars 2010

IKT og tilpassa opplæring

Som IKT- ansvarleg på skulen er det eg som har ansvar å sette meg inni alle program som elevar får utdelt. Det gjer seg ofte gjeldande frå 5. klasse og oppover. Eg har vore med på å utale om behov for pc med program på til elevar. (skrive tilråding,) det er hjelpemiddelsentralen og nav som løyver pengar til elevar som treng pc) Det er som oftast lisensprogram som føl med elevane. Vi har og skulelisnes på ein del program som vi kan legge inn til elevane. Eg vil prøve her å ta føre meg dei som eg kjenner til. Og prøve å dele litt erfaringar med bruken av dei.
Mikrodaisy er eit firma som formidlar læringsresurssar til skulane. Eg har vore på nokre kurs som dei har arrangert og det er matnyttige kurs. Når vi deltek på kursa får vi lærarane gratis versjonar av programvarer som vi kan innstallere på våre pc`ar slik at vi kan lære å bruke dei.
LingDys: Skriververktøyet LingDys er ein programvare som er spesielt utvikla for å gi skrivestøtte på bokmål og på nynorsk til dyslektikarar eller andre med lese- og skrivevanskar. Programmet må aktiviserast og fungerar godt ilag med word. (mulig open office og, men har ikkje erfaring med det) Når du har fått programmet aktivt innpå pc kan du ta eigen instillingar. Du kan nytte ordbok- legge til ord spesielt for ein elev, alt etter kor problemet ligg. Du kan få opplese det du skriv. LingDys ligg i ein liten firkant oppe i høgre hjørnet automatisk når du opnar td. word. Du kan velge kor mange alternative ord du får opp, klikke på dei og dei legg seg i teksten din.
LingRight: Fungerar som LingDys men er eit program til bruk i engelsk. Må passe på å stille inn på engelsk når du brukar det. Erfaringa mi viser at elevane tek dette veldig fort når eg viser dei det. Det som eg og har gjort er å holde kurs for foreldrer for at dei skal vite noko om korleis det fungerar. Det har eg berre positive opplevingar med.
Lesepenn: Er ein penn som ein "dreg" over teksten i ei lærebok og får det inn på pc via ein usb port. Den legg seg då på pc`en og du kan med hjelp av eit program der få opplese teksten. Viss eleven har e-lector på sin pc kan dei få opplese teksten.
E-lektor: e-Lector er først og fremst et leseverktøy som fremmer lesing av elektroniske tekster. All elektronisk tekst kan leses av i e-Lector; for eksempel web sider, dokumenter og e-post. Tekst som finnast i papirformat kan også gjerast elektronisk ved hjelp av ein skanner/lesepenn. Tekstene limes inn i e-Lector, og presenteres ord for ord, eventuelt med talestøtte.
Eg veit faktisk om ei mor som har brukt første veka av ferien sin kvar sommar å legge inn bøker slik på pc slik at eleven har fått det inn til skulestart i august, imponerande. Eg har ikkje brukt dette så mykje, men veit det finnast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar