torsdag 28. januar 2010

Sosial web 2- øvingsoppgåve

No har vi alle på gruppa oppretta ein wiki. Vi hadde "treff" på skype i kveld, og var einige om kva for nettsamfunn vi skulle sjå på med "fagbriller". Det var nok meir interessant dette med nettsamfunn enn eg var klar over, så "desverre" har eg brukt mykje tid på dette siste veka. No skal gruppa vår ta helga til hjelp å sjå kva alle klarar å finne ut om Facebook, Youtube og Del og Bruk. Det er viktig at vi som foreldre og lærarar held oss oppdaterte på kva born og ungdom gjer på Internett slik at vi kan hjelpe og rettleie dei til å bruke Internett på ein god og trygg måte, og gjerne sjå på muligheitene i skulen med sosial web. Er det noko vi kan nytte i undervsninga?
Gruppe 8 sin wiki:
http://dkl102gruppe8.wikispaces.com/

søndag 10. januar 2010

Øvingsoppgåver om nettsamfunn-sosial web 1

Del og bruk
Eit nettverk for lærare, pedagogar, forskarar, byråkratar, bibliotekarar og andre med interesse for sosial web, IKT og skule. Del, øk og bruk din digitale kompetanse.
Formålet med Ning-nettverket Del og bruk er å skape eit forum for læring, nettverksbygging og utforskning av pedagogisk bruk av sosial web & IKT i undervisning. Nettverket er åpent for alle som interesserer seg for dette eller for relevante tilstøtende tema. Her ønsker man å komme med gode tips, dele erfaringer og stille spørsmål av skolefaglig art og det er mange ulike grupper man kan melde seg inn i avhengig av interesse og fagområde (pr 04.11.09 var det 124 grupper). Del&Bruk har også en egen wiki.
Eg har lita erfaring med denne sida her då eg nett har meldt meg inn, men ser at eg kan få litt gode tips her når det gjeld undervisninga framover. Ein kan finne filmar og ei gruppe som Tilpassa opplæring og IKT. Ein kan og kommentere andre sine opplegg å få kommentarar på sitt eige. Greit å kunne dele litt synest eg og ikkje sitte på "kvar si øy".


YouTube
Ulemper og føremoner ved bruk av youtube
Føremoner- Enkel tilgang til mykje informasjon- Sjå, høyre- Gje tilbakemeldingar/kommentarar- Presentere eigne ting- Få tilbakemelding/kommentarar- Vise andre kva ein likar/ikkje likar- Dele med andre via facebook/myspace osv
Ulemper- Informasjon kanskje ikkje eigna for barn- Folk kan skrive ting som er stygge/slemme
Utfordringar knytt i pedagogisk verksemd: - Kan ikkje bruke filmar av elevane- Mykje informasjon – vanskeleg å sortere ut kva som er relevant for elevar (og for så vidt lærarar)

Moglegheiter knytt til pedagogisk verksemd: - Elevane kan legge ut med avgrensa tilgjengelegheit prosjekt dei filmar sjølv, kommentere, vurdere osv. - Lærer god bruk av verktyet- Ser relevante linkar til det dei nettopp har sett- Godt verkty til å illustrere poeng.
Eg har vel sett på you tube som ein plasse ein legg filmar og underhaldning, men har og samtidig drege nytte av det fleire gongar når eg har sete fast i eit problem. Eg har nokre gonger vore inn å funne framgangsmåte i høve til å administrere Fronter. Ligg fleire gode små snuttar om det.

Facebook
Facebook er, per i dag, meir ei stadfesting av eigen identitet og ditt eige nettverk, enn ein stad å møte nye menneske på. Det blir med andre ord ”sett på som et verkty for å handtere det sosiale aspektet av kvardagen” (Paal Furre, vg.no). Dette er noko Facebook fokuserer på i større grad enn andre nettstadar.

Målgruppa er hovudsakleg folk mellom 18 og 35 år, og Facebook har klart flest brukarar i denne aldersgruppa. Dette kjem nok til å halde seg sånn, men fleire og fleire og utanfor denne aldersgruppa melder seg no inn. Fargane som er brukt er relativt nøytrale, og ikkje spesielt glorete. Nettstaden er heller ikkje overfylt av reklame. Alt i alt ser den ryddig ut, og det appellerer.

Facebook kan sjølvsagt bli brukt på negative måtar. Det finns døme på mellom anna identitetstjuveri, ”mobbegrupper” og folk som har blitt drapstruga via nettstaden. Ein bør sjølvsagt, som med andre liknande nettstader, vise aktsemd med kva ein legg ut om seg sjølv og andre, både når det gjeld informasjon og bilete. Det er mange døme på misbruk av det som blir lagt ut.

Likevel, med normalt ”nettvett” og ikkje overdreven bruk, kan Facebook være noko positivt, og eg ser ikkje vekk ifrå at den til og med kan ha nytteverdi i skulekvardagen. Døme på dette er leksehjelpgrupper og beskjedar. Likevel er nok Fronter eller andre læringsplattformer eit endå betre verkty for dette. I høve til andre liknande nettstader eg har vore innom, kjem Facebook positivt ut på denne måten. Det er verdt å merke seg at aldersgrensa er 13 år, så i høve til bruk i skulen vil dette uansett berre vere aktuelt på ungdomstrinnet.