mandag 28. september 2009

Øvingsoppgåve 1

Det finnast mange gode skulerelaterte lenker ute på nettet. Finn tre eksempel på - både elevearbeid og læringsressursar - som nyttar hypertekstualitet, interaktivitet eller multimodalitet. Eg meinar at desse tre virkemidlane som er nemnt ovanfor er nytta på dei sidene som eg presentera under. Eg jobbar i 3. og 4. klasse og det vi nyttar der er læringsresurssar som ofte er knytta til læreverket vi har på skulen. Vi nyttar Safari i norsk, og eg nyttar det mykje til 2. klasse i fjord. http://gyldendal.no/safari
Safari sida består av hypertekst, der ein kan trykke segt fram for å komme vidare. Interaktivitet som finnast i forsjellig typar mediar er eg faktisk litt usikker på om Safari sidene inneheld, men den har ein sendar og ein mottakar (eleven) Interaktivitet er slik eg ha forstått det kommunikasjonen mellom maskin og brukar. Elevane får heile tida tilbakemelding på det dei gjer innpå sidene. Multimodalitet eller samansette tekstar er blitt ein selvfølge i vår moderne kommunikasjonspraksisar. Bilder lyd, og video er no blitt allemannseige. Safari sidene er eit eksempel på ein læringsressurs som inneheld både hyperteksualitet, interaktivitet og multimodalitet. Multi læreverket som skulen min nyttar i matematikk er og eit døme på dette. http://www.gyldendal.no/multi I naturfag har eg nytta ei side som heiter Skole i praksis. Den er eit døme på læringsressurs som vert nytta i skulen. http://www.skoleipraksis.no/naturfag1-7/pages/filmliste.html Der er det ein del filmar som eg har nytta som tilleggstoff til tema eg har jobba med i bøkene og som kunnskapsløftet legg opp til som kompetansemål. Engelsk verket stairs innheld multimodalitet på sine sider. http://stairs1-4-nynorsk.cappelendamm.no/
Med tanke på læringsresussar som eg har brukt til råd og tips til mi eiga undervisning vil eg trekke fram http://www.skoleveven.no/ Eg har sikkert fleire sider som eg kunne ha trekt fram men eg trur dette gjerne er nok. Ellers vil eg seie at photo story er eit program som ligg til gratis nedlasting som er ypperleg å bruke til mykje i skulen.

DKL blogg

No har eg jobba framfor datamaskina i nokre timar med bloggen. Eg har fått til det som Lisbeth skreiv at vi skulle gjere angåande blogg, men etikett er eg litt usikker på. Og så skal eg legge til følger?? Jaja eg finn vel meir ut om det. Eg har nokre bilder liggande på origo som eg kunne tenkt meg å lagt til i bloggen, men fekk det ikkje til med overflytting. No lyt eg tenke litt. Bileta som eg har lagt til er bilete av Storehesten og frå ein Kinesisk skuleklasse som eg var på besøk i for 1,5 år sidan.

onsdag 23. september 2009

Mapper og filer

Som ikt ansvarleg på skulen er det eg som har ansvar når elevar får tildelt pc`ar frå hjelpemiddelsentralen. Eg brukar å vere nøye med opplæringa av dei når det gjeld å få eit system som dei sjølve forstår og at dei finn att ting sine. Framme på skrivebordet lagar eg ei mappe som står td. 6. klasse Når elevane klikkar innpå der har eg laga nokre undermapper der- norsk- engelsk- samfunnsfag- naturfag- rle ligg. Dette dekker dei skrivefaga som elevane har. Der går dei inn og lagrar eit word dokument for kvart fag. Det er ein prosess som eg hjelper dei med eingong så er vi ferdige med det. Dei går då inn og forsett på det dokumentet som ligg på det faget dei har. Sidetal ligg inne så elevane får tilslutt ei digital bok på lik linje med dei andre i klassen som skriv i skrivebøker. Dette er velfungerande og eit system som elevane og foreldre synest er ok å forhalde seg til. Dei slepp og å styre med å lagre som, og få nye dokument kvar dag. Dei kan berre trykke på lagre knapp når dei går inn å forsett å skrive der kvar dag i det som er oppretta i starten av skuleåret.