mandag 22. mars 2010

Informasjonskompetanse 1

Informasjonskompetanse inneber blant anna å kunne:

  • Erkjenne eit behov for informasjon
  • Identifisere og finne fram til passande informasjonsressursar
  • Evaluere kvaliteten på informasjonen
  • Velge ut og organisere informasjonen
  • Bruke informasjonen effiktivt
  • Innser at informasjonskompetanse er ein forutsetning for livslang læring

Ein kjem stadig vekk borti det med nettsøk etter relevant stoff i skulen. Eg er lærar på ein 1- 7 skule og brukar nett ein del i undervisninga med elevane. Då eg arbeider i 1. - 4 . klasse ser eg det naturleg at eg legg ut linkar som elevane kan finne informasjon dei treng, also forarbeid av meg som lærar. Det legg eg på Fronter under fag.
I stedet for å sleppe elevene ut på det åpne nettet, kan vi som lærarar guide dei i retning av gode læringsressurser som vi sjølv vel ut.
Dersom elevane skal utnytte nettet på eigen hand, bør det først og fremst skje innanfor arenaer
skulen sjølv har utvikla og tilrettelagt for bruk.
Skulen opplever elevanes bruk av digitale læringsressursar som eit problem. Så lenge problemet oppfattast som ein mangel hos elevane, er svaret meir eller mindre gitt: dei må få bedre opplæring.
Det betyr at det ikkje er elevane, men læringsformene og lærarens praksis som må tilpasse seg. Vi er endå på prøvestadiet når det gjeld digital pedagogikk. Slik eg tolkar utviklinga på feltet, har Noreg, som Europa og verden forøvrig, komme for kort innanfor praktisk e-læring til å føreta endelige val eller drive detaljstyring av e-læringsvirksomheita. Kva framtid har LMS-systema? Dette var nokre refleksjonar etter å ha lese artikkelen til Tord Høivik. Det var mykje godt stoff i artikkelen "Fire veier til kvalitet" og eg har nytta ein del stoff derfrå i M3 oppgåva mi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar