
Men tek ein tida til hjelp får ein det meste til. Eg har brukt lang tid på å sette meg inni dette temaet her, men gikk greit når eg fekk både tenke og sove på det. Eg vart veldig godt fornøgd med Netvibes (skulevibes) som eg laga til M3 oppgåva.
Studieblogg Norsk nettskole
Ein kjem stadig vekk borti det med nettsøk etter relevant stoff i skulen. Eg er lærar på ein 1- 7 skule og brukar nett ein del i undervisninga med elevane. Då eg arbeider i 1. - 4 . klasse ser eg det naturleg at eg legg ut linkar som elevane kan finne informasjon dei treng, also forarbeid av meg som lærar. Det legg eg på Fronter under fag.
I stedet for å sleppe elevene ut på det åpne nettet, kan vi som lærarar guide dei i retning av gode læringsressurser som vi sjølv vel ut.
Dersom elevane skal utnytte nettet på eigen hand, bør det først og fremst skje innanfor arenaer
skulen sjølv har utvikla og tilrettelagt for bruk.
Skulen opplever elevanes bruk av digitale læringsressursar som eit problem. Så lenge problemet oppfattast som ein mangel hos elevane, er svaret meir eller mindre gitt: dei må få bedre opplæring.
Det betyr at det ikkje er elevane, men læringsformene og lærarens praksis som må tilpasse seg. Vi er endå på prøvestadiet når det gjeld digital pedagogikk. Slik eg tolkar utviklinga på feltet, har Noreg, som Europa og verden forøvrig, komme for kort innanfor praktisk e-læring til å føreta endelige val eller drive detaljstyring av e-læringsvirksomheita. Kva framtid har LMS-systema? Dette var nokre refleksjonar etter å ha lese artikkelen til Tord Høivik. Det var mykje godt stoff i artikkelen "Fire veier til kvalitet" og eg har nytta ein del stoff derfrå i M3 oppgåva mi.