torsdag 28. januar 2010

Sosial web 2- øvingsoppgåve

No har vi alle på gruppa oppretta ein wiki. Vi hadde "treff" på skype i kveld, og var einige om kva for nettsamfunn vi skulle sjå på med "fagbriller". Det var nok meir interessant dette med nettsamfunn enn eg var klar over, så "desverre" har eg brukt mykje tid på dette siste veka. No skal gruppa vår ta helga til hjelp å sjå kva alle klarar å finne ut om Facebook, Youtube og Del og Bruk. Det er viktig at vi som foreldre og lærarar held oss oppdaterte på kva born og ungdom gjer på Internett slik at vi kan hjelpe og rettleie dei til å bruke Internett på ein god og trygg måte, og gjerne sjå på muligheitene i skulen med sosial web. Er det noko vi kan nytte i undervsninga?
Gruppe 8 sin wiki:
http://dkl102gruppe8.wikispaces.com/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar