onsdag 23. september 2009

Mapper og filer

Som ikt ansvarleg på skulen er det eg som har ansvar når elevar får tildelt pc`ar frå hjelpemiddelsentralen. Eg brukar å vere nøye med opplæringa av dei når det gjeld å få eit system som dei sjølve forstår og at dei finn att ting sine. Framme på skrivebordet lagar eg ei mappe som står td. 6. klasse Når elevane klikkar innpå der har eg laga nokre undermapper der- norsk- engelsk- samfunnsfag- naturfag- rle ligg. Dette dekker dei skrivefaga som elevane har. Der går dei inn og lagrar eit word dokument for kvart fag. Det er ein prosess som eg hjelper dei med eingong så er vi ferdige med det. Dei går då inn og forsett på det dokumentet som ligg på det faget dei har. Sidetal ligg inne så elevane får tilslutt ei digital bok på lik linje med dei andre i klassen som skriv i skrivebøker. Dette er velfungerande og eit system som elevane og foreldre synest er ok å forhalde seg til. Dei slepp og å styre med å lagre som, og få nye dokument kvar dag. Dei kan berre trykke på lagre knapp når dei går inn å forsett å skrive der kvar dag i det som er oppretta i starten av skuleåret.

2 kommentarer:

  1. hei Eg veit ikkje om eg har fått dette til??

    SvarSlett
  2. Hei igjen! Bloggen er opprettet, du har lagt inn bilde og omtale. Du bør legge inn etiketter også, da blir det lettere finne frem etter hvert;-) Lykke til videre! Mvh Lisbeth

    SvarSlett