torsdag 19. november 2009

Regneark

Eg underviser i matematikk i 3. klasse og må innrømme at rekneark er ikkje det eg har brukt mest. Eg har vore borti excel med å vist elevane korleis vi lagar diagram og heller enkle funksjonar. Dette vert gjort samtidig som vi jobbar med temaet i Multi. Men eg ser no etter denne leksjonen at muligheita er mykje større enn berre matematikk. Det er jo store muligheiter for at eg om eit par år underviser i matematikk i høgare trinn. Eg har gått til innkjøp av Excel-miniknekkeren- det er ei oppgåvesamling i Excel for 5.-7. klasse med brukartips og løysingsforslag. Eit glimrande hefte så langt som eg har sett i det. Ellers så var det utruleg kjekke øvingsoppgåve Lisbeth la ut i leksjonen, mange nyttige tips å ta med seg. Har tasta meg igjennom ein del av dei, og ser at Excel kan brukast til meir enn matematikk. Har sjølv laga ei kapittelprøve til 5. klasse om Samane. Kjekt å få nye idear.
Hvilke regneark bruker du i kurset?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar