torsdag 19. november 2009

Hensyn

Eit vanskleg emne synest eg og ein skal jammen ha "tunga" beint i munnen som lærar. Svært nyttig det Google dokumentet som Kjell sendte ut med opphavsrett. Grøn sone- ei trygg side i forhold til bruk og gjenbruk, men at eg sjølv må vurdererettigheitsinformasjon for kvar enkelt fil. Å oppgi kilde er ein god skikk og i mange tilfeller eit krav. Desse adressane har eg notert meg, og håpar at dei vert til nytte for meg i undervisninga. Gul sone er likeins men ver kritisk, du MÅ gjere dine eigne vurderingar. Grå sone- eg var litt modig ein kveld og la inn eit bidrag. Fekk tilbake melding av Kjell på at den var rett plassert, men at ein bevisst lærar kan bruke det men IKKJE å anbefale å gi lenken til elevar. Trur eg satsar på å bruke dei som emne ansvarleg har lagt ut, så er eg på den trygge sida, for dette synest eg er vanskelig. Som lærarar har vi ei plikt å sette oss inn i reglane og formidle desse vidare til elevane. (Høiland og Wølner, 2007 s.57)
Hensyn når man snakker om bilder og bruk av dette til publisering. Nesten daglig blir det teke bilder av elevane i ulike situasjonar. Dette kan være på turar eller "dokumentasjon" på oppgåver elevane har jobba med. Eg ser at skulen lyt få ein fast mal på at vi sender ut iallefall ein - to gongar i året ein godkjenning på å nytte bilder av dei. Godtar du at bilder av ditt barn teke i skulen sin regi blir lagt ut på skulen/kommunen sine sider (heimeside og fronter)? Dette er type spørsmål som foreldrene SKAL få. Eg trur nok at dei fleste foreldre gir samtykke til det men det er nok nokon som er kritiske ja. Fronter er passordbeskytta så der er det nok enklare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar