torsdag 19. november 2009

Prosessorienter tekstskaping

Skriving er ein prosess. Fleire hovud tenkjer gjerne meir enn eitt. Når vi samarbeider med andre om å skrive tekstar, kan sluttresultatet bli betre.
Du kan gi deg sjølv respons, og du kan få det frå andre. Det er viktig å utnytte fleire moglegheiter!
Eg har vore inne på linkane som Kjell har lagt ut og notert meg fleire tips og idear.
Prosessorientert skriving med IKT er å skrive gjennom ulike prosessar. Der formålet er å bli ein betre skrivar. Denne prosessen byrjar med ei idémyldring, for vidare å bli til ulike utkast. Desse utkasta endar til slutt opp i ein endeleg tekst, som er eit resultat av dei ulike prosessane.

Når vi skal skrive ein tekst eller ei oppgåve, kan det vere nyttig å fyrst hente fakta og idear andre stader frå. Det kan vere frå bibliotek, ulike media (avis, blader, internett o.l.), intervju, museum osv. I denne samanheng vil eg peike spesielt på bruken av internett som informasjonskjelde. For å nytte internett, er det nokre nettvettreglar som burde ligge til grunne hjå alle. Redd Barna har ei fin side om som lærar kan lese saman med elevane. Faktisk veldig lurt å skrive den ut og henge det opp der skulen sine pc`ar er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar