torsdag 19. november 2009

Lyd

Lyd og jobbing med øvingsoppgåvene som Kjell har lagt ut var litt å "bryne" seg på, men kjekt når eg fekk det til. Det er som Kjell sa i emnet om lyd at første møtet med Audacity kan virke overveldande om du straks går i gang med å utforske menyer der. Eg måtte prøve det med eingong eg hadde fått det installert på maskina mi ,men fannt fort ut at dette blei for mykje på eingong så eg gjikk heller inni resurssmappa som var lagt ut og begynte der. Eg såg og igjennom skjermvideoen til Lars Carlsson. Då vart alt lettare for eg fekk ei meir forståing av programmet. Har no tasta, trykt, lytta, prøvd, feila, sletta og begynt på nytt i fleire kveldar på øvingane og dei var svært nyttige. Det var ok at dei låg i ferdig mp3 fil så kunne eg konsentrere meg om programmet og dei funksjonane som fantest der. Men no har eg fått det til med å lage fleire innslag sjølv med musikk dempa og lese over sjølv med musikk i bakgrunnen. Skal prøve dette i 3. klasse neste fredag har eg tenkt med eit eventyr som dei har skrive ilag på storskjerm i klasserommet. No skal alle lese inn sitt bidrag i Audacity. Så gjenstår det og sjå kva resultatet vert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar